Songlaget Stordabuen si framsyning «Stord, verda og musikken – 1970-talet» samla nyleg tre fulle kulturhus.
No er gjengen klare til ekstraframsyning i eit litt anna format. Framsyninga på Arena blir ein kortare versjon enn den i kulturhuset, med større fokus på songane og mindre på forteljinga.
«Stord, verda og musikken – 1970-talet» er rett og slett ein historietime om 1970-åra, presentert gjennom song, musikk og forteljing. Framsyninga er bygd opp kring tre sentrale spørsmål: Kva for popmusikk vart det folk lytta til på 1970-talet, kva var dei viktigaste politiske hendingane og korleis påverka dei folk på Stord?
Det blir gjenhøyr med den mest sentrale popmusikken frå tiåret.
Idé, manus og musikalske arrangement er ved koret sin dirigent, Torleiv Agdestein.
Dørane opnar kl. 20.00