Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Dette arrangementet er ferdig.

Gunhild Aadland Rolfsnes – Songen og livet

september 21, 2024 : 15.0017.00

Ein solokonsert med songar frå livets speleliste. Nærmare bestemt Gunhild Aadland Rolfsnes  si speleliste. Ei speleliste som miksar alt mellom pop, vise, rock, soul, gospel, negro spirituals, jazz, franske svisker, folketonar og salmeskattar. Det er ikkje kvar dag ho stiller seg fram på denne måten. Ho opptrer med jamne mellomrom i bandet Klingenberg saman med kollegaer, og i duoen Lykte saman med mannen sin John-Inge Rolfsnes. Men åleine ved tangentane opplever ho den aller største musikalske fridomen.

Ho har sunge og spelt piano sidan ho var lita jente. Kvardagen var fylt med musikk, alle heime dreiv med det, og heldigvis vart musikklinja på Stord i gang då ho skulle på vidaregåande. Vidare studerte ho grunnfag musikk i Oslo og mellomfag og hovudfag musikkvitskap i Trondheim.

For Gunhild er song meir enn eit musikalsk uttrykk. Å synge er å utforske – musikken, tilværet, sjela, tankar og erfaringar, håpet. Konserten kjem til å bere preg av dette. Gjennom Songen utforskar ho aspekt ved det levde livet, tekstar, sjangrar, vokalistar som inspirerer og påverkar ho, tangentane sine mogleikar, stemma sine mogleikar. Gjennom ein personleg og jordnær konsert håpar ho å skape ei tidsboble, ei stund der ein kan sitte ned og lytte og oppleve at tida står litt stille, før ein går vidare inn i dagen.

Ei slags 50 års feiring, litt utanom det vanlege.

Detaljar

Arrangør

Stad

  • Arena
  • Borggata 20
    Stord, 5417 Norway
    + Google-kart
  • Phone +4795460749
Personvern

Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar for å sørge for at di oppleving av nettstaden er best mogleg. Informasjonskapslane er lagra i din nettlesar, og hjelp oss med å mellom anna halde statistikk på kor mange brukarar som besøker sida vår, og hugsar deg igjen når du besøker på nytt.

Du kan gjere endringar på kva informasjonskapslar du ønsker å godta ved å nytte fanene på venstre side.