Laurdag 8.november inviterer Stord Musikklag til ettermiddagskonsert på Arena. Musikklaget vil presentera musikk laget har jobba med i haust, og noko vil vera ein forsmak av programmet som seinare vert presentert på Nyttårskonserten i januar 2026.
Musikklaget er i stadig utvikling og vår dirigent Paul Hughes har klåre forventningar til musikantane og laget om kva dei skal vera i stand til å prestera. Dette gjer at me tek nye steg heile vegen.
Vel møtt til ein triveleg ettermiddag saman med Stord Musikklag som spelar «Frå Carola til Grieg» 

Spelestart kl 14:00
-Gratis inngang-