Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Dette arrangementet er ferdig.

Fitjarrevyen goes Vikjo II / Sommarteltet 2024

mai 31, 2024 : 19.00juni 1, 2024 : 21.30

Fitjarrevyen er blitt eit begrep og i sommar inntar revygjengen Sommarteltet med berre godbitar. Publikum vil få servert alt frå klassikarar til høgdepunkt etter høgdepunkt frå Sommarteltet i Fitjar.

Bergesen har sjølvsagt med seg Fitjarbuen og andre klassiske figurar, samt at Henning Wichmann og Terje Træet vil servera sine alterego! Med på laget er ein som verkeleg vil sette farge og fart på forestillinga. Jan Rune Holdhus. For mange mest kjent som June Kommune, men Jan Rune har vore med på Fitjarrevyen i mange år, og er ein meister i å ta lokale karakterar. Verkeleg eit multitalent! Drag, karakterar, stand up og ein fantastisk songar. Denne karen har alt. Med oss i sommar er også juvelen frå Karmøy – Britt-Synnøve Johansen. Kanskje ei av norges beste songstemmer. Ho har vore med oss på fire Fitjarrevyae, og er ein fantastisk revyskodespelar som verkeleg tar karakterene på kornet.

Teamet som kjem til Vikjo er altså berre å gle seg til. Det blir kanskje det beste som er servert frå ein revyscene nokon gong på Stordøya. I all beskjedenhet. Her er det lattergaranti! Svein Ragnar Myklebust sørger for stødig komp, så alt er i dei beste hender. Me håpar å sjå deg i teltet. Dette blir rett og slett ein magisk kveld.

Detaljar

Start:
mai 31, 2024 : 19.00
Slutt:
juni 1, 2024 : 21.30
Kategori:
Nettstad:
https://frugard.ticketco.events/no/nb?

Arrangør

Bakeriet Frugård
E-post
kaldestad@hotmail.com
View Arrangør Website

Stad

Sommarteltet
Borggata 20
Stord, 5417 Norway
+ Google-kart
Phone
+4795460749
Personvern

Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar for å sørge for at di oppleving av nettstaden er best mogleg. Informasjonskapslane er lagra i din nettlesar, og hjelp oss med å mellom anna halde statistikk på kor mange brukarar som besøker sida vår, og hugsar deg igjen når du besøker på nytt.

Du kan gjere endringar på kva informasjonskapslar du ønsker å godta ved å nytte fanene på venstre side.