Lastar Hendingar

" All events

SAHG + support: No September

januar 18 : 21.00 - 23.30

Bergens tungvektsmeisterar i heavy metal, Sahg, kjem nok ein gong stormande frå by’n til Arena i Leirvik med nyladde våpen!
Den nye EPen ‘More of Nothing’ kom ut 29. november, med fire blytunge nye låtar som spenner frå sylkvass heavy til bekmørk ballade. Som vanleg med ein fot planta i klassisk syttitals heavy og den andre i den moderne metalverda. Breibeint, med andre ord. Det skal fyrast av både nytt og gammalt frå scena denne kvelden, frå Sahg si seks album rike, og atten år lange historie. Så, likar du metalen din heavy? Då er det ikkje anna å gjere enn å møte opp på Arena laurdag 18. januar, for ei overdose True Norwegian Heavy Metal!

Som support stiller Stordbandet No September. Dei spelar eigenkomponert rockemusikk, samt noko cover, blant anna av Bastard. Bandet består av Øyvind Spissøy (trommer) Daniella Tislevoll (bass og kor) Audun Kaldråstøyl Johansen (gitar og kor) og Didrik Tingvoll Spissøy (gitar og vokal)

More details

date
januar 18
Time:
21.00 - 23.30
Category:
Nettstad:
https://frugard.ticketco.events/no/nb/e/sahg

Organizer

Bakery Frugård
E-mail address
kaldestad@hotmail.com
View Organizer Website

City

Arena
Borggata 20
Stord, 5417 Norway
+ Google map
Phone number
+4795460749