Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

BÅRD OSE – Beatles og kvinnene

mars 14 : 17.3019.30
Velkommen til eit føredrag litt utanom det vanlege. Her får du høyre historier om korleis kvinnene, og då spesielt mødrene, inspirerte dei fire gutane frå Liverpool til å lage mange av sine mest kjende songar. Latteren vil henge laust og tårene vil presse seg fram når Bård Ose fortel om bakgrunnen for songar som «I Saw Her Standing There», «Don’t Let Me Down» og «Let It Be» og spelar smakebitar frå desse. Du vil få eit heilt nytt syn på songane, og ikkje minst «Yesterday».
Bård Ose (født 1960) er kjend for sine mange år i NRK, der han kvar veke leverte fleire programmer i P1+ og serverte «PILS» kvar laurdag i 22 år, saman med Finn Tokvam. Han har skrive 15 bøker, blant anna store verk om The Beatles og The Rolling Stones. Han er aktuell med boka «Listelangs» som fortel historiene bak meir enn 2000 slagerar frå 60-talet.
Dørene opnar kl 17.30
Arrangentet startar kl 18.00

Detaljar

Arrangør

Stad

  • Arena
  • Borggata 20
    Stord, 5417 Norway
    + Google-kart
  • Phone +4795460749
Personvern

Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar for å sørge for at di oppleving av nettstaden er best mogleg. Informasjonskapslane er lagra i din nettlesar, og hjelp oss med å mellom anna halde statistikk på kor mange brukarar som besøker sida vår, og hugsar deg igjen når du besøker på nytt.

Du kan gjere endringar på kva informasjonskapslar du ønsker å godta ved å nytte fanene på venstre side.