Dørene åpnar: kl 20
Konsertstart: kl 21
Det legendariske einmannsbandet til Egil Hegerberg, er klart for ny soloturne i 2024. Turneen startar på Ogna 8. februar og avsluttast i Tomrefjord 16. mars, så her er det landets aller største byar og tettstader som skal besøkast. Bortimot 12 stader over heile landet står på turnelista, og dei vil få servert nokon av Bare Egil Bands største hits, samt nye låtar frå dei kommande platene «Endelig», «Den syngende rettsreferent» og «Norge på kryss og tvers volum 6».
Bare Egil Band er kjent for si humoristiske og ironiske tilnærming til musikk, med tekstar som spenner frå det absurde til det politiske. Han har gitt ut eit titals studioalbum sidan debuten i 1996, og hatt store hits som Tagging, Bæsj i skjegget og Arne går mot døra. Han har også vore medlem av band som Gartnerlosjen, Hurra Torpedo og Black Debbath, og er kjent frå TV gjennom sine hyppige opptredenar i program som Brille, Nytt på nytt og Kongen befaler. Bare Egil Band lovar ei variert konsertoppleving, men dette er ein grov overdrivelse. Det blir som vanlig akustisk gitarspilling og ein songstil som spenner frå mumlesynging til skriking. Men underhaldande blir det. Nokså.