Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Black Hauge

november 8 : 20.00 - 21.30

Opplev Olav H. Hauge sine kjente dikt i ny elektronisk drakt med Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio.

Trioen samplar Hauge frå hans eigne innlesingar på slutten av 80-talet, og miksar dette med element frå folkemusikk og jazz. Nødtvedt bidrar med sin heilt eigenarta og kreative vri på poesien. Denne sjangerblandinga gir ein eventyrleg følelse av nordisk natur og mystikk.

Erlend Apneseth Trio har med sin stilfulle blanding av jazz, samtidsmusikk og tradisjonsmusikk etablert seg som eit av dei mest nyskapande og kreative banda her i landet.

Erlend O. Nødtvedt har gjeve ut romanane «Mordet på Henrik Ibsen» og «Vestland» i tillegg til fire velrennomerte diktsamlingar, blant anna «Trollsuiten» og «Slekter».

Erlend O. Nødtvedt: opplesing og avspilling av Olav H. Hauge sine dikt
Erlend Apneseth: hardingfele
Stephan Meidell: gitar, effektar
Øyvind Hegg-Lunde: trommer, elektronikk
Thorolf Thuestad: lyddesign

Detaljar:

Dato
november 8
Tid:
20.00 - 21.30
Kategori:
Nettstad:
https://stord.kulturhus.no/black-hauge-yc6o5w2/

Arrangør

Bakeriet Frugård
E-post
kaldestad@hotmail.com
View Arrangør Website

Lokale

Arena
Borggata 20
Stord, 5417 Norway
+ Google-kart
Ferdig
+4795460749