Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Country Music Fest m/ Dan Smalley, Kayley Bishop og Daniel Borge Band

april 25, 2026 : 19.0023.30

Dei to første Country Music Fest i Arena har vore utselde, og no har Robert og Richard Alsaker nok ein gong samarbeidd med oss om å lokke strålande amerikanske countryartistar til øya.

På plakaten denne gongen har me Daniel Borge m/ fullt band og Kayley Bishop (US), Begge desse er godt kjende for Stordpublikummet, og denne gongen er hovudattraksjonen Dan Smalley (US).

Dan Smalley har ei stemme som minner deg om nokon av sjangerens største. Militærungen, fødd i Alaska og oppvaksen i Shreveport, Louisiana, syng med djup overbevisning, og han byr på ein frisk vri på countrymusikk, inspirert og gjennomsyra av lydane frå røtene sine. Artistar som Merle Haggard, Ray Charles, Al Green og Willie Nelson har vore musikalsk vegvisarar for Smalley, og suksessen til Chris Stapleton, Jason Isbell og Sturgill Simpson trekte han til Nashville.

Sjekk ut artistane på strøymetenestene, følg Country Music Fest på Instagram og gle deg til 25. april!

 

Dørene opnar kl 19

Spelestart kl 20

Arrangør

Stad

  • Arena
  • Borggata 20
    Stord, 5417 Norway
    + Google-kart
  • Phone +4795460749
Personvern

Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar for å sørge for at di oppleving av nettstaden er best mogleg. Informasjonskapslane er lagra i din nettlesar, og hjelp oss med å mellom anna halde statistikk på kor mange brukarar som besøker sida vår, og hugsar deg igjen når du besøker på nytt.

Du kan gjere endringar på kva informasjonskapslar du ønsker å godta ved å nytte fanene på venstre side.