Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

dePresno

september 20 : 18.00 - 21.30

Frå Stjernekamp til Arena!

dePresno har i eit tiår vore ein av Noregs mest særeigne popstemmer. Med djup, sjelfull vokal og sterk historiefortelling balanserer han det emosjonelle med det underhaldande på ein måte få andre gjer. Han lagar musikk som kan få deg til å gråte av sorg den eine augneblinken – og le så du grin den neste.
Sidan gjennombrotet med «Hide and Seek» i 2016, har han levert ei rekke kritikarroste låtar, mellom anna «Too Fucked Up To Love You», «Trust» og «See You Soon». Hans album «Technicolor», «Monochrome» og «Places» har begeistra både anmelderar og publikum, og Bergens Tidende har omtalt han som «ein av landets beste popsolistar».

Men det er på scena dePresno verkeleg viser kvifor han er i ein klasse for seg sjølv. Hans sjøllvironiske vesen, unike evne til å fange publikum og sterke tilstedeværelse gjer kvar konsert til ei oppleving. Han har trollbunde publikum på festivalar som by:Larm, Bergenfest og Slottsfjell, i tillegg til å ha turnert med AURORA.
Uansett om han står på ein liten klubbscene eller eit stort festivalområde, leverer dePresno alltid ei konsertoppleving som sit i, lenge etter siste tone er spelt.

Stad

Arena
Borggata 20
Stord, 5417 Norway
+ Google-kart
Phone
+4795460749
Personvern

Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar for å sørge for at di oppleving av nettstaden er best mogleg. Informasjonskapslane er lagra i din nettlesar, og hjelp oss med å mellom anna halde statistikk på kor mange brukarar som besøker sida vår, og hugsar deg igjen når du besøker på nytt.

Du kan gjere endringar på kva informasjonskapslar du ønsker å godta ved å nytte fanene på venstre side.