Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Dette arrangementet er ferdig.

Halvor Folgerø / Trolltunga – eit vilt stykke norgeshistorie

oktober 26 : 8.00 – 17.00

Dørene opnar kl 13.30

Start kl 14.00

Trolltunga er ei vill historie om tilfeldigheiter, god timing og fullt kaos. Det luftige utspringet blei ein instagram-hit i løpet av få år. Turistar frå heile verda strøymde til Hardanger.  Kva skjer når nærmare 100 000 menneske har same turmål?  Frivillige bergingsfolk fekk kjørt seg. Det same gjorde naturen, vegnettet og reiselivsnæringa. Hardingane blei tatt på senga.  Korleis takla samfunnet horden av menneske utan turerfaring?

Fenomenet masseturisme er eit sentralt tema i Halvor Folgerøs nye bok.

Med Trolltunga som døme, er det også naturleg å dra linjene bakover i tid. For 120 år sidan gjekk fjellområdet rundt Trolltunga gjennom ei endå meir ekstrem forvandling. Kraftutbygging og industri jaga turistane bort.  Mektige fossefall blei tørrlagde i det som har blitt kalla den norske velferdsstatens vogge.

I dag er ringen slutta, og turistane er tilbake. Kva har den nye turismen gjort med dei gamle industrisamfunna?

Med spektakulære bilder, filmsnuttar og forteljingar, tar Halvor Folgerø deg med på ei reise inn i denne ville historia.

Halvor Folgerø, f 1967, er forfattar, journalist og musiker. Han har bakgrunn frå NRK, og er kjend som ein dyktig formidlar og historieforteljar. Dei seinare åra har han hatt stor suksess med bøkene sine om livet på dei ville vestlandsvegane (2021 og 2022) og med «Ferjefolket» (2024).

Arrangør

Stad

  • Arena
  • Borggata 20
    Stord, 5417 Norway
    + Google-kart
  • Phone +4795460749
Personvern

Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar for å sørge for at di oppleving av nettstaden er best mogleg. Informasjonskapslane er lagra i din nettlesar, og hjelp oss med å mellom anna halde statistikk på kor mange brukarar som besøker sida vår, og hugsar deg igjen når du besøker på nytt.

Du kan gjere endringar på kva informasjonskapslar du ønsker å godta ved å nytte fanene på venstre side.