Stavangers store humorson har livnært seg som komikar i snart ein mannsalder og er ein av landets mest rutinerte og bejubla standupkomikarar. Han har satt opp fem soloforestillingar, og i 2018 krona han karrieren med to jubileumsforestillingar i DNB Arena, Stavanger, framfor ti tusen elleville fans.
Hansen har motteke Komiprisen for «Beste Standup» to gonger, og i 2010 sette han verdensrekord i lengst standupshow då han holdt det gåande i 38 timer og 14 minuttar på Latter på Aker Brygge.
Trass i ei lang standupkarriere kjenner nok dei fleste igjen Hans Morten Hansen som karakteren Gullestad i den populære NRK-serien ”Side Om Side”, men har du ikke opplevd Hans Morten Hansen på scenen før, så er det på høg tid å sjå ein av landets morsomaste menn i sitt rette og naturlige element.
Sjå fram til ein heilaftens standupforestilling med nær, kjær og personlig observasjonshumor av ypperste klasse – av og med det fødte komikartalentet Hans Morten Hansen.