
I denne forrykande familieforestillinga får du eit musikalsk møte med figurane Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Philip, kjende frå fleire bøker av Roald Kaldestad.
Me er i øvingsrommet til eit band som ønskjer å spela tøff heavy-musikk.
Bandet lagar låtar sjølv, og bassisten og den eine gitaristen er i gong med øvinga når publikum kjem. Men det er ikkje enkelt å spela tøff musikk når dei ikkje har nokon som kan spela på det flotte trommesettet. Det blir ikkje enklare av at den andre gitaristen har helt andre ting enn bandet og øvinga i hovudet når han endeleg dukkar opp.
Forestillinga hadde premiere på Hamar i 2007, og har seinare blitt framført på skular over heile landet med stor suksess. Den har også blitt spela på ei rekke festivalar, bl. a Litteraturfestivalen på Lillehammer , Bergenfest , bLEST, Litteratursymposiet i Odda , Tysnesfest , Festspillene i Elverum , Dei Nynorske Festspela , Bygdalarm og på Barnas Hus i Bergen og Litteraturhuset i Oslo.
Dørene opnar: KL 12
Spelestart: KL 13