Dørene opnar kl 17.00
Sjovstart: 18.00
Me kjenner ho frå tv-programmet Eides språksjov. No går Linda Eide laiv og dreg landet rundt med språklege underfundigheiter i sekken. Med seg på scenen har ho pianist Sjur Hjeltnes og seniorkonsulent Halvor Folgerø, som begge sørger for musikalsk og verbal bækking. Kvar ny stad dukkar det også opp ein lokal gjest, som trioen har invitert. Velkomen til ein kveld med infotainment for alle penga, når denne gjengen i kjent stil hyller og herjar med det mest fascinerande og sprøe som finst i denne verda – språket!
—-
Linda Eide – Sjovleiar med blokkfløyte og wind synth
Sjur Hjeltnes – Pianist med utdanning og innsikt.
Halvor Folgerø – Seniorkonsulent med fagott & bass
Lokal gjest: TBA
Arrangementet er eit samarbeid mellom Bakeriet Frugård og Stord Mållag