Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Naboen min

november 8 : 11.0012.00

Naboen min er bandet til forfattar og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og gitarist Bjørnar Sangolt. Til konserten kjem dei som trio, med Martin Hystad på trommer. Dei får også god hjelp av Fitjar barnegospel. Velkommen til ein leiken konsert med snert!

Naboen min har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le. I tekstane finn ein både humor og alvor. Ein får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Og om ein vil lære seg nokre gloser på romvesensk, er ein komen riktig stad.

Bandet har gitt ut platene «Rockesock» og «Alt blir feil», i tillegg til «Stjernedryss», som er ein EP med  julesongar. Musikken er mykje spelt på Radio Super, og Naboen min har også laga musikken til TV-serien «Mine ville venner» på NRK Super. For plata «Rockesock» mottok bandet Spellemannsprisen i kategorien barnemusikk.

Høyr på songar som Male himlen blå, Gyli gyli gong gong og Rockesock, og kom på konsert!

Detaljar

Dato
november 8
Tid:
11.00 – 12.00
Kategori:
Nettstad:
https://stord.kulturhus.no/naboen-min-a8sde6t/

Arrangør

Bakeriet Frugård
E-post
kaldestad@hotmail.com
View Arrangør Website

Stad

Arena
Borggata 20
Stord, 5417 Norway
+ Google-kart
Phone
+4795460749
Personvern

Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar for å sørge for at di oppleving av nettstaden er best mogleg. Informasjonskapslane er lagra i din nettlesar, og hjelp oss med å mellom anna halde statistikk på kor mange brukarar som besøker sida vår, og hugsar deg igjen når du besøker på nytt.

Du kan gjere endringar på kva informasjonskapslar du ønsker å godta ved å nytte fanene på venstre side.