Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Dette arrangementet er ferdig.

RAMMSUND

august 29 : 20.0023.00

Du vert ikkje det største ikkje-engelskspråklege rockebandet i verda, om ikkje musikken og melodiane er feite nok til å stå på eigne bein. Du må med andre ord ikkje skjøne orda til Rammstein. Men då ein kompisgjeng frå Oslo på slutten av 1990-tallet starta å gjere djupdykk i tekstane, skjønte dei at dette måtte verda få med seg! Eller, i kvart fall måtte Noreg få det med seg. Det fekk vere grenser for kor stort ansvar ein skulle ta på seg.

Dermed vart han fødd: ideen om Rammstein på norsk! Det måtte vere hardt, feitt og brutalt. Og med ein noko større dose godt humør enn kva metalband gjerne er kjend for. Dessutan, skulle ein verne om schwungen frå dei tyske tekstane, heldt det ikkje med utvaska bokmål. Det er nemleg berre eitt norsk språk som er stramt og hardbarka nok til å vere det austtyske metalfenomenet verdig. Det måtte verte nynorsk.

Ei utslite Spynorsk Mordliste og eit par korrekturlesingar av Språkrådet seinare, og dei fyrste Rammstein-låtane på nynorsk var klare, ein vinterdag i 2003. Rammsund var fødd.

Sidan har det gått slag i slag, og det finst knapt ei scene i Noreg der ikkje Rammsund har misjonert på vegne av Rammstein og Målsaka

Detaljar

Arrangør

Stad

  • Arena
  • Borggata 20
    Stord, 5417 Norway
    + Google-kart
  • Phone +4795460749
Personvern

Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar for å sørge for at di oppleving av nettstaden er best mogleg. Informasjonskapslane er lagra i din nettlesar, og hjelp oss med å mellom anna halde statistikk på kor mange brukarar som besøker sida vår, og hugsar deg igjen når du besøker på nytt.

Du kan gjere endringar på kva informasjonskapslar du ønsker å godta ved å nytte fanene på venstre side.