Eikemo, Grytten, Lillegraven og Parr Falturiltu og Stord mållag inviterer til ein stjernekveld med fire av dei store innan nynorsk samtidslitteratur, Marit Eikemo, Frode Grytten, Maria Parr og Ruth Lillegraven.
Marit Eikemo og Frode Grytten er to av våre mest folkekjære forfattarar, med mykje til felles, i tillegg til at begge kjem frå mytiske og mystiske Odda. Begge skriv nært og varmt om kvardagen, men gjerne med humor og snert.
Maria Parr frå Vanylven debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og har sidan blitt rekna som ein av våre mest sentrale barnebokforfattarar, både kritikarrost og folkekjær.
Ruth Lillegraven gav ut si første bok i 2005, og har sjølv skrive ei rekkje barnebøker. Ho er no del av Falturiltu sitt programråd, og denne kvelden er ho først og fremst med for å lokke løyndommar ut av Maria Parr.