
Fleire generasjonar Stord Rock på same scene!
D’AccorD er eit Stordbasert, klassisk rockeband som spelar med presisjon og innlevelse. På scenen er dei ruvande, og dei storslåtte songane og arrangementa fyller salen til bristepunktet. Variasjon i låtar og arrangement gir ei rik og fullstendig konsertoppleving.
Hogheads, med base i Sagvåg, starta opp i 2005 og har opp gjennom åra spela på ei rekke ulike scener frå Haugesund i sør til Os i nord. Fokuset er coverlåtar frå kjende hardrock-/metalband frå 1970-åra og fram til 2000-tallet. Bandet består i dag av Karsten Clausen (Bass/Vokal), Håvard Svensen (Gitar) og Jan Åge Sæternes (Trommer).
XLR8 debuterte som eit reint jenteband frå Stord, og har vore innom litt ulike sjangrar, men for det meste rock. Bandet består av dei to gitaristane Nadia Wroblewska og Eva Tesdal og bassisten Tuva Sundal. I Sommarteltet blir Benjamin Dahl med på trommer.
Teltet opnar kl 19
Spelestart kl 20