Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

The Botten Is Nådd / Sommarteltet 2026

mai 30 : 19.0022.30

The Botten Is Nådd har i mange år spela kortreist og berekraftig musikk til stor glede for eit enno større publikum – eit publikum som har vist å setje pris på slikt. I eit forsøk på å toppe suksessen medan me framleis er førlege og nokolunde medvitne, har me sydd saman ein heilaftans repertoar der publikum får servert ingenting mindre enn ein «Mods & Bjørn Eidsvåg monsterhitparade». Me inviterar til ein vestlandsk festkveld i norsk språkdrakt, der publikum garantert kan alle tekstane og er invitert til å syngje med for full hals. Mods/Eidsvåg «spesial» har tidlegare vore spelt for fulle hus og med topp stemning. Denne gongen er låtvalet utvida, overraskingar i form av gjester er invitert, og bandet lovar nok ein kveld prega av allsong, energi og ekte speleglede. Kort og godt – sjølv om The Botten Is Nådd er stemninga garantert på topp. Bandet, der alle har dobbeltnamn og ingenting har vist seg å vere enkelt, er sett saman av Knut Birger Paulsen, Jan Evald Kleppe, Jørn Olav Myhre, Rolf Martin Haldorsen og John Einar Olsen. I tillegg har me denne maikvelden forsterka vokalrekka med Kristine K. Olsen og Marit M. Skeie.

Teltet opnar kl 19.00

Spelestart kl 20.00

Arrangør

Stad

  • Sommarteltet
  • Borggata 20
    Stord, 5417 Norway
    + Google-kart
  • Phone +4795460749
Personvern

Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar for å sørge for at di oppleving av nettstaden er best mogleg. Informasjonskapslane er lagra i din nettlesar, og hjelp oss med å mellom anna halde statistikk på kor mange brukarar som besøker sida vår, og hugsar deg igjen når du besøker på nytt.

Du kan gjere endringar på kva informasjonskapslar du ønsker å godta ved å nytte fanene på venstre side.