• 100 Dagar 2025

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    7. – 8. mars får du oppleve den beste nye musikken frå sør- og vestlandet i tillegg til interessante seminar for festival- og arrangørbransjen. 100 DAGAR er Noregs minste og trivelegaste musikkbransjefestival og er i 2025 i sin 17. utgåve. Som vanleg på Arena og Den Blå Time i Bakeriet Frugård på Stord.

  • Jon Hjørnevik m/ Dagfinn Iversen

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    Dørene opnar kl 19Spelestart kl 20 Forfattar, komikar og diktar Jon Hjørnevik, pluss Dagfinn Iversen og gitaren hans, er endeleg på plass i Arena! Jon Hjørnevik er dessverre frå Voss. Etter nokre hektiske morgontimar den 14.04.70 kunne jordmor Magnhild Undeland og mor hans ønskje Hjørnevik – heretter kalla forfattaren – velkommen til Voss fylkessjukehus. Far […]

  • Queen Tribute. 10-årsjubileum!

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    Bli med på Queen Tribute Show i Arena! Du får servert dei største låtane, og endå fleire. Her er det allsonggaranti! Sunnhordland sin meldar skildra det slik: «Med eit scenetilvære nesten skremmande likt Freddie Mercury sitt, var det ikkje vanskeleg å la seg riva med. Rått og intenst i blikket, scenevand og sikker i alt […]

  • Vårkonsert med Stord Musikklag

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    Dørene opnar; kl 13.30 Spelestart: kl 14.00 Stord musikklag er Stords eige janitsjarorkester – og spelar alt frå klassisk korpsmusikk til lettare underhaldningsmusikk. Denne ettermiddagen vil me hylla våren – og presentera musikk som får vinterdepresjonen og tungsinnet til forlata den mest standhaftige! Ta med vener og kjende til Arena for god underhaldning!

  • PUBKOR I ARENA

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    Dørene opnar kl 18 Start: kl 19 No kjem endeleg Pubkor til Stord! Torsdag 27. mars ynskjer me å samle vener, naboar, kollegaer og songglade i Arena, til ein kveld med musikk, latter og fleirstemt allsong. KVA ER PUBKOR? Konseptet er enkelt; me lærer oss ein låt på ein kveld, og du treng ikkje ha […]

  • Dag Sørås og Hans Magne Skard

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    Dørene opnar kl 18 Showstart kl 19 Dag Sørås og Hans Magne Skard kjem til Arena for å gjere standup. Det blir ein kveld med «humorspark» i alle retningar når Dag og Hans Magne fyrer laus med sitt nyaste materiale. Skard er ein standup-komikar og sosionom frå Sveio. Han har drive med standup i over […]

  • INGENTING

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    Dørene opnar: 21.00 Konsertstart: 22.00 Det legendariske rockebandet Ingenting blei starta på Austrått i Sandnes allereie i 1989. Bandet held stadig koken, og det skjer svært mykje spennande rundt dei. Det er tydelige tegn på at ei ny «Ingenting-bølge» er i ferd med å bygge seg opp blant yngre generasjonar, i tillegg til den allereie […]

  • Open Arena. Øystein Greni presenterer Bigbang solo + support

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    Øystein Greni tar det eit par hakk ned og presenterer Bigbang i soloformat, og med fri aldersgrense! Etter ei lang karriere som bandleiar og låtskrivar har Greni ein låtkatalog som er få forunt, fylt med låtar og gitarriff som vil leve evig i norsk musikk. Bli med på ein intim kveld der du får oppleve […]

  • Øystein Greni presenterer Bigbang solo

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    I kjølvatnet av Bigbangs nye album «Le Californie» og mellom to travle festivalsomrar, tar Øystein Greni det heile eit par hakk ned og presenterer Bigbang i soloformat. Etter ei lang karriere som bandleiar og låtskrivar har Greni ein låtkatalog som er få forunt, fylt med låtar og gitarriff som vil leve evig i norsk musikk. […]

  • Country Music Fest

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    Robert og Richard Alsaker samarbeider med Bakeriet Frugård om å lokka både amerikanske og norske countryartistar til Arena for å underhalda oss. Seks artistar av ypperste klasse. Dette kan du ikkje gå glipp av, så er du klar? Lineup:- Daniel Borge og Hilde Iren Borge m/ fullt band- Kayley Bishop (US)- Jason Nix (US)- Nuke […]

  • Martha & Co på øyo

    Sommarteltet Borggata 20, Stord, Norway

    Me på Bakeriet Frugård har jobba i to år med å få tak i Martha Leivestad, og fredag 23. mai kjem ho endeleg til Sommarteltet med forestillinga Martha & Co på øyo. Martha burde vel vera kjent for dei aller fleste gjennom sine mange suksessar på NRK, VGTV og Podme. Blant anna Høvla Øve, Skål, […]

  • Stord Rock m/ De Stressless, Thermoztat og Rescue

    Sommarteltet Borggata 20, Stord, Norway

    Dørene opnar kl 19 Spelestart kl 20 «Mimrekveld med høg allsongfaktor» var oppsummeringa i Bladet Sunnhordland då ‘70- og ‘80-talsheltane i Thermoztat og De Stressless samlast på scenen i Arena for ni  år sidan. 24. mai står dei to  banda på scenen igjen, i Sommarteltet på torget, og denne gongen får me i tillegg eit […]

Personvern

Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar for å sørge for at di oppleving av nettstaden er best mogleg. Informasjonskapslane er lagra i din nettlesar, og hjelp oss med å mellom anna halde statistikk på kor mange brukarar som besøker sida vår, og hugsar deg igjen når du besøker på nytt.

Du kan gjere endringar på kva informasjonskapslar du ønsker å godta ved å nytte fanene på venstre side.