• The Botten Is Nådd / Sommarteltet 2026 EKSTRA!

    Sommarteltet Borggata 20, Stord, Norway

    The Botten Is Nådd har i mange år spela kortreist og berekraftig musikk til stor glede for eit enno større publikum – eit publikum som har vist å setje pris på slikt. I eit forsøk på å toppe suksessen medan me framleis er førlege og nokolunde medvitne, har me sydd saman ein heilaftans repertoar der […]

  • Sommarkonsert i teltet med Songlaget Stordabuen

    Sommarteltet Borggata 20, Stord, Norway

    Songlaget Stordabuen er attende – og denne gongen altså i teltet på torget! Etter suksessen med «Raidet mot Stordø Kisgruber» i fjor haust, inviterer det populære koret til ein ny, sprudlande korkonsert – full av kjende og kjære poplåtar frå dei siste 50 åra. Sjølvsagt med fullt band! 75 songarar på scenen og i tillegg […]

  • Country Music Fest m/ Josh Gallagher, Jake Tankersley og Magnus Bokn / Sommarteltet 2026

    Sommarteltet Borggata 20, Stord, Norway

    Country Music Fest i Arena har vore ein braksuksess, og no har Robert og Richard Alsaker samarbeidd med Bakeriet Frugård om å lokke strålande countryartistar til Sommarteltet 2026! Josh Gallagher frå Pennsylvania er standhaftig, sympatisk og skamlaus, og haustar ros frå blant andre Rolling Stone Magazine, i tillegg til nokon av countrymusikkens største heltar. «This […]

  • Artistdugnad – Samhald i Sunnhordland

    Sommarteltet Borggata 20, Stord, Norway

    Foreininga Samhald i Sunnhordland og Bakeriet Frugård inviterer til artistdugnad i Sommarteltet. Overskotet for kvelden skal gå til velferdstilbod for menneske med rusutfordringar i Stord kommune. I samarbeid med kommunen vil foreininga etablere ulike prosjekt som skal bidra til å glede dei som treng eit avbrekk i kvardagen. Foreininga vil forvalte midlane til prosjekta er […]

  • Marius & Farius / Sommarteltet 2026

    Sommarteltet Borggata 20, Stord, Norway

    Far og son-duoen Marius & Farius er klare for å skape magi igjen når igjen inntar Sommarteltet på Stord! Med eit unikt samspel, ekte speleglede og ein sjarm som treff midt i hjartet, har Marius & Farius blitt eit av dei mest ettertrakta namna i Sunnhordlandsregionen. Dei fyller hus og hjarte overalt der dei spelar […]

  • Marius & Farius / Sommarteltet 2026

    Sommarteltet Borggata 20, Stord, Norway

    Far og son-duoen Marius & Farius er klare for å skape magi igjen når igjen inntar Sommarteltet på Stord! Med eit unikt samspel, ekte speleglede og ein sjarm som treff midt i hjartet, har Marius & Farius blitt eit av dei mest ettertrakta namna i Sunnhordlandsregionen. Dei fyller hus og hjarte overalt der dei spelar […]

  • Espen Abrahamsen / Sommarteltet 2026

    Sommarteltet Borggata 20, Stord, Norway

    Espen Abrahamsen har på rekordtid slått seg opp som ei av dei mest markante stemmene i norsk standup. Med opptredenar på landets største scener – og ein stil som glir elegant mellom sylskarpe poeng, treffsikker satire og elleville historier, har han blitt ein publikumsfavoritt over heile landet. Du har kanskje sett han i 71° Nord […]

  • Stord Rock m/ D’AccorD, Hogheads og XLR8 / Sommarteltet 2026

    Sommarteltet Borggata 20, Stord, Norway

    Fleire generasjonar Stord Rock på same scene! D’AccorD er eit Stordbasert, klassisk rockeband som spelar med presisjon og innlevelse. På scenen er dei ruvande, og dei storslåtte songane og arrangementa fyller salen til bristepunktet. Variasjon i låtar og arrangement gir ei rik og fullstendig konsertoppleving. Hogheads, med base i Sagvåg, starta opp i 2005 og […]

  • This Was My Life – ein hyllest til Kim Larsen & Gasolin

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    This Was My Life vert rekna som eit av dei fremste tributebanda i Norden til Kim Larsen & Gasolin. Bandet vart starta i Bergen i 2018 og har på kort tid vorte eit ettertrakta namn hjå arrangørar og publikum. Her får du ei musikalsk reise gjennom livet og karrieren til Kim Larsen, med klassikarar som […]

  • Naboen min

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    Naboen min er bandet til forfattar og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og gitarist Bjørnar Sangolt. Dei har laga songar som Male himlen blå, Gyli gyli gong gong og Rockesock. Rett før konserten på Arena slepp dei ny plate. Bandet lovar ein miks av nytt og gamalt, og ønsker store og små velkomen til å synge, […]

  • BÅRD OSE – Stones og damene

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    I dette føredraget vil du få høyra historier om dei mange kvinnene som inspirerte nokre av dei mest kjende songane til det legendariske bandet. Kven var «Ruby Tuesday»? Kven var sambuar med begge gitaristane i bandet på 60-talet? Og kven er det Mick Jagger saknar i «Miss You»? Latteren vil sitja laust, og nokre tårer […]

  • Bare Egil Band

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    Bare Egil Band er kjend for sin humoristiske og ironiske tilnærming til musikk, med tekstar som spenner frå det absurde til det politiske. Han har gitt ut eit titals studioalbum sidan debuten i 1996, og har hatt fleire hittar som «Tagging», «Bæsj i skjegget» og «Arne går mot døra». Han har også vore medlem av […]

Personvern

Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar for å sørge for at di oppleving av nettstaden er best mogleg. Informasjonskapslane er lagra i din nettlesar, og hjelp oss med å mellom anna halde statistikk på kor mange brukarar som besøker sida vår, og hugsar deg igjen når du besøker på nytt.

Du kan gjere endringar på kva informasjonskapslar du ønsker å godta ved å nytte fanene på venstre side.