Dørene opnar: 21.00
Spelestart: 22.00
Sidan 2003 har Valentourettes spelt mange hundre konsertar med fulle hus frå Longyearbyen til Flekkefjord. Alltid til stormande jubel og stor glede for både dei som rakk å oppleve Jokke då han var blant oss, men også dei som måtte nøye seg med platene. Denne kvartetten fortset å overbevise både garva konsertgjengarar og nye generasjonar fans om at rock er best på konsert!