Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Audrey Horne

april 11, 2026 : 20.0023.00

Bergenshardrockarane Audrey Horne er viden kjende som eit av dei mest hardtslåande livebanda Noreg har å by på. Med suksessplater som «Le Fol», «Youngblood», «Blackout», og no seinast – «Devil’s Bell», har kvintetten sett fyr på konsertscener både i Europa og her til lands. Det handlar om klassiske hardrockriff, store refreng og ein energi som sparkar godt frå seg i mageregionen. Med andre ord: Om du har sans for den ujålete gitarrocken til band som Thin Lizzy, The Who, Iron Maiden og Deep Purple, skal det godt gjerast å kjeda seg i Audrey Hornes selskap. Konsertane er alltid ein fest, noko publikum har lært å setja pris på. Det er nemleg frå scenekanten at den klassiske hardrocken Audrey Horne serverer verkeleg skin!

 

Dørene opnar kl 20

Spelestart kl 21

Detaljar

Arrangør

Stad

  • Arena
  • Borggata 20
    Stord, 5417 Norway
    + Google-kart
  • Phone +4795460749
Personvern

Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar for å sørge for at di oppleving av nettstaden er best mogleg. Informasjonskapslane er lagra i din nettlesar, og hjelp oss med å mellom anna halde statistikk på kor mange brukarar som besøker sida vår, og hugsar deg igjen når du besøker på nytt.

Du kan gjere endringar på kva informasjonskapslar du ønsker å godta ved å nytte fanene på venstre side.