Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Open Arena m/ Ingrid Belt / Magnhild Halland / Lola Linda Poder

januar 16, 2026 : 18.0021.00

Open Arena startar det nye året med å presentere tre kjempetalent!

Lola Linda Poder kjem frå Tysnes, og har allereie fleire års erfaring med musikk, trass i sin unge alder. Sekstenåringen fekk blant anna æra av å opne Tysnesfest 2025, og ho går no første året på musikklinja ved Stord Vidaregåande Skule.
Ingrid Belt er ein artist frå Stord som lagar låtar som treff rett i hjartet. Musikken hennar er både mjuk og sterk på same tid, og stemma hennar har noko heilt eige som får deg til å stoppe opp og lytte. Ho jobbar for tida med sitt første album.
Magnhild Halland er ein svært lovande singer-songwriter frå Stord, med ei særeigen blanding av akustisk pop og energi. Med djupe og autentiske tekstar fangar ho publikum med ei blanding av sårbarhet og sterk vokalprestasjon.
Bakeriet Frugård, Trymmen sin rullekonto og Stord Rulleklubb lagar konsertar med fri aldersgrense. Lokale ungdommar står på og bak scenen, saman med artistar som til no har vore Hjerteslag, Slomosa, Autonomie, TØFL, Tobias Sten, Øystein Greni, Ravi og Oddny.

Det er fri aldersgrense og arrangementet er alkoholfritt

Detaljar

Arrangør

Stad

  • Arena
  • Borggata 20
    Stord, 5417 Norway
    + Google-kart
  • Phone +4795460749
Personvern

Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar for å sørge for at di oppleving av nettstaden er best mogleg. Informasjonskapslane er lagra i din nettlesar, og hjelp oss med å mellom anna halde statistikk på kor mange brukarar som besøker sida vår, og hugsar deg igjen når du besøker på nytt.

Du kan gjere endringar på kva informasjonskapslar du ønsker å godta ved å nytte fanene på venstre side.