• 100 dagar 2026

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    13 nye og lovande artistar er klar for å innta Arena første helga i mars! Kanskje du finn din nye favoritt her?Psst! Er du under 25 får du ekstra kjekk pris på delegatpass. Som delegat får du tilgong til delegatprogrammet, mykje godt fagleg påfyll og anledning til å skaffe deg nye kontaktar i bransjen

  • Sigrid Moldestad

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    Sigrid Moldestad har siste året jobba mykje solo med akustiske konsertar, og ser difor ekstra fram til å dra på tur med musikarane ho har jobba med i mange år. Moldestad er kjend for si fortellerglede og kommunikasjon med publikum. Musikalsk spenner det frå det ville til det vakre. Musikarane i bandet pregar musikken med […]

  • BÅRD OSE – Beatles og kvinnene

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    Velkommen til eit føredrag litt utanom det vanlege. Her får du høyre historier om korleis kvinnene, og då spesielt mødrene, inspirerte dei fire gutane frå Liverpool til å lage mange av sine mest kjende songar. Latteren vil henge laust og tårene vil presse seg fram når Bård Ose fortel om bakgrunnen for songar som «I […]

  • Maidenheads

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    Maidenheads byr på alle klassikarane frå den tøffaste perioden til verdas beste band – Iron Maiden.  Gruppa består av velkjende fjes frå metalscenen på vestlandet: Olav Iversen – vokal (Sahg), Frode Kilvik – Bass (Gahls Wyrd, Aeternus), Torbjørn Ringstad – Gitar, Gjermund Fredheim – Gitar (Taake, ORKAN) og Rune Nesse – Drums (ORKAN, Taake)

  • PUBKOR I ARENA

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    10. april ynskjer me igjen å samle vener, naboar, kollegaer og songglade i Arena, til ein kveld med musikk, latter og fleirstemt allsong. KVA ER PUBKOR? Konseptet er enkelt; me lærer oss ein låt på ein kveld, og du treng ikkje ha noko kjennskap til korsong på førehand. Ingen forpliktingar, ingen opptaksprøve – berre herleg […]

  • Audrey Horne

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    Bergenshardrockarane Audrey Horne er viden kjende som eit av dei mest hardtslåande livebanda Noreg har å by på. Med suksessplater som «Le Fol», «Youngblood», «Blackout», og no seinast – «Devil’s Bell», har kvintetten sett fyr på konsertscener både i Europa og her til lands. Det handlar om klassiske hardrockriff, store refreng og ein energi som […]

  • Maria Haukaas Mittet

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    Våren 2026 er Maria Haukaas Mittet tilbake med ny musikk, og klar for å fylle norske konsertscener med varme, humor og alvor. Musikken er laga i samarbeid med Tromsøbrørne Espen Lind og Geir Hvidtsten, som til liks med Maria hadde første del av livet sitt i nord før dei sette kursen sørover. Med røter i […]

  • Sunnhordland Storband med Heine Totland, Karianne Kjærnes og Hans Mathisen

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    Sunnhordland Storband er utrulig stolte over å kunne invitere til eit forrykande show i samarbeid med Heine Totland, Karianne Kjærnes og Hans Mathisen! Me kjenner alle bømlingen Heine Totland som ein av landets travlaste entertainerar som har hatt hovudroller i store musikalar som Mamma Mia!, Buddy Holly The Musical, Chess, Jesus Christ Superstar og Les […]

  • Country Music Fest m/ Dan Smalley, Kayley Bishop og Daniel Borge Band

    Arena Borggata 20, Stord, Norway

    Dei to første Country Music Fest i Arena har vore utselde, og no har Robert og Richard Alsaker nok ein gong samarbeidd med oss om å lokke strålande amerikanske countryartistar til øya. På plakaten denne gongen har me Daniel Borge m/ fullt band og Kayley Bishop (US), Begge desse er godt kjende for Stordpublikummet, og […]

Personvern

Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar for å sørge for at di oppleving av nettstaden er best mogleg. Informasjonskapslane er lagra i din nettlesar, og hjelp oss med å mellom anna halde statistikk på kor mange brukarar som besøker sida vår, og hugsar deg igjen når du besøker på nytt.

Du kan gjere endringar på kva informasjonskapslar du ønsker å godta ved å nytte fanene på venstre side.